André i sin andre modul

Som trainee på Energinett i Neas jobbar eg med utvikling og forbetring av planar for periodisk vedlikehald, både i regionalnettet og i distribusjonsnettet.

Førebyggande vedlikehald i kraftnettet – eit viktig satsingsområde

Som trainee på Energinett i Neas jobbar eg med utvikling og forbetring av planar for periodisk vedlikehald, både i regionalnettet og i distribusjonsnettet. Jamlege kontrollar og teknisk service er svært viktige tiltak for å unngå uønska utfall, og i eit aldrande kraftnett er det ekstra viktig med gode vedlikehaldsprogram for å ivareta leveringssikkerheita på ein god og økonomisk måte. Difor finn eg arbeidet både spennande, utfordrande, og ikkje minst viktig for bedrifta. Erfaringane frå den første modulen i Shell har vore svært nyttig å ha med seg.

Gjennom arbeidet blir eg svært godt kjent med både nettstruktur og geografi, eg må sette meg inn i mange tekniske komponentar og arbeidsoppgåver, og eg lærer mykje om styringssystemet IFS. Hovudarbeidet føregår på kontoret, men eg blir teke med ut til både kraftverk og trafostasjonar for å inspisere verkelegheita bak papira.

Neas er ein lun og inkluderande arbeidsplass, akkurat passe stor til at ein blir kjent med dei fleste gjennom kaffeprat og lunsj. Neas har vore partner i Kom Trainee heilt sidan oppstarten og har opparbeida seg god erfaring med bruk av traineear, og dermed var det lett å komme i gang med arbeidet og bli inkludert i organisasjonen frå første dag. Eg trivst veldig godt i min andre modul som trainee, og det blir spanande å sjå kor mykje eg rekk i løpet av dei siste to månadane.

 Andre på lager

André, kull 2009