Frå trainee til internasjonal rådgivar

Som internasjonal rådgivar skal han arbeide for det internasjonale perspektivet til fylket, mellom anna ved å utvikle og koordinere europeiske samarbeidsprosjekt med ulike aktørar frå heile fylket. 

Etter to år som trainee i Møre og Romsdal fylkeskommune har Olav blitt tilsett i fast stilling som internasjonal rådgivar på kompetanse- og næringsavdelinga til fylkeskommunen. Som internasjonal rådgivar skal han arbeide for det internasjonale perspektivet til fylket, mellom anna ved å utvikle og koordinere europeiske samarbeidsprosjekt med ulike aktørar frå heile fylket. 

 

Olav har dette å seie om korleis han har hamna i stillinga: 

Det har jo vore litt av ei reise! Med kokkefagbrev og lektorutdanning hadde eg aldri trudd at eg kom til å ende opp i ei stilling som driv med europeiske samarbeid. Eg gjekk jo inn i trainee-løpet med ei open og nysjerrig innstilling, og sa vel eigentleg «Ja!» til det meste. Det begynte med det eine internasjonale prosjektet på siden av mange andre oppgåver. Prosjektet gjekk bra det, og så var det så kjekt! Før eg visste ordet av det var eg litt inne i alle dei andre internasjonale prosjekta også, og då blir du jo ein god kandidat når det først blir ei opning. Det er veldig kjekt å føle at arbeidet du legg ned blir lagt merke til og sett pris på. 

 

 

Til framtidige trainee-ar har han dette å seie: 

Våg å ikkje vere heilt «sikker» på kva du vil for noko. Tida der du lever ut masteroppgåva di er liksom litt forbi, og er du berre litt nysjerrig, lærevillig og modig kan du som trainee få utruleg mange forskjellige erfaringar og kompetansar – og kanskje ei fast stilling du aldri såg kome. 

0