Trainee Ingvild Dverseth Sæter

Prosjekt- og markedsmedarbeider

Etter endt traineeperiode fekk eg tilbud om eit engasjement hos Molde Næringsforum. Der jobba eg med blant anna administrasjon for Romsdal regionråd, INN Molde og Trainee Ingeniør Molde. Eg var og med MNF som arrangør for mange ulike arrangement.

1.mars 2010 gjekk eg over i ny stilling som prosjekt og markedsmedarbeider hos Nordmøre Næringsråd. Arbeidsoppgåvene mine her blir blant anna å oppdatere nettsider, vere med på arrangement, utarbeide prosjektskisser og medlemsservice.

Nordmøre Næringsråd er ein samhandlingsarena for næringsliv og kommunar på Nordmøre, og er sekretariat for Ordførar og Rådmannskollegiet for Nordmøre, ORKidè. NNR er også sekretariat og foretningsførar for fleire ulike selskap.

I min nye jobb arbeider eg mykje med samme type prosjekt som under traineeperioden. Eg merkar at eg har blitt van med omstillingar, og det å sette seg inn i nye ting. Kom Trainee begynner å bli kjent, og er veldig positivt å ha på cv`en. Nettverket eg har opparbeida under traineeperioden har vore svært nyttig når eg skulle ut på jobbmarkedet.

Utdannelse: Bachelor i samfunnsvitenskapelige fag og master i sosiologi fra NTNU

Hospiterte i: Tidens Krav, Kristiansund/Averøy Kommune og Kom Vekst