Trainee Eigunn Stav Sætre

Gjennom engasjementet i Kom Trainee forventa Eigunn to spanande år med mykje fagleg læring, rom for å utvikle seg og for å ta ansvar. Ho forventa å få prøve seg innan ulike yrkesretninger, slik at ho visste betre kva ho ønska å jobbe med etter traineeperioden. Desse forventningane har blitt innfridd.

Det Eigunn likte best med Kom Trainee var fleksibiliteten i opplegget, og dei ulike fagmiljøa ho fekk jobbe under - ho fekk ei innføring i tre spanande retninger - bank, fiskeri og offentlig verksemd, ei erfaring ho dreg nytte av i sin noverande jobb. Også den tverrfaglege oppfølginga gjennom programmet var svært nyttig og spanande.

Eigunn jobber no som internasjonal koordinator for Møre og Romsdal fylke. Ho vart oppmoda om å søke med bakgrunn i at ho jobba for fylket i sin første periode som trainee. Der har ho ansvaret for koordineringa av den internasjonale aktiviteten i fylkesadministrasjonen, samt for å etablere og opprettholde gode nettverk og samarbeid innad i og utanfor fylket. 

Eigunn meinar at Kom trainee la til rette for ein unikk start på karrieren hennar. Ho fekk variert erfaring og høve til å visa kva ho var god for i yrkeslivet. Dette var ein viktig del av at ho i etterkant vart henta inn av fylket i ei stilling som elles ville krevje langt meir erfaring.