Trainee Andre Gjørven

Etter 3 interessante modular som trainee fekk eg fast stilling i Nordmøre Energiverk AS. Eg har gått inn som HMS-koordinator i prosjekt Regionalnett, som skal stå for ei større fornying og omstrukturering av hovudforsyninga til Kristiansund fram mot 2014. Jobben femnar om både luftlinjer, kabelnett og transformatorstasjonar på regionalnett og distribusjonsnettnivå, og vi må samkøyre ein del planlegging og aktivitet med både Kristiansund kommune og Statens Vegvesen. Eg får jobbe tett med ein svært rutinert gjeng, og må ha ein fot innom alle aktivitetane i prosjektet. Eg får stor nytte av både min fagbakgrunn og mi erfaring som trainee, samtidig som eg får lære enormt mykje ved å vere med på eit slikt prosjekt heilt frå teiknebrettet til full idriftsettelse (og opprydning).
 
Det var også kjekt å få kome tilbake til ei av bedriftene eg hadde vore i traineeperioden. Sjølv om det er andre oppgåver som ventar har eg stor nytte av å kjenne aktiviteten og organisasjonen som vi no på sett og vis jobbar litt på sida av. Som trainee blir du gjerne litt ekstra godt kjent med alle i bedrifta, og det er både nyttig og kjekt vere husvarm allereie frå dag 1.
 
Samtidig har eg fått eit stort nettverk i byen og regionen som både kjem til nytte i arbeidet, og som gjer at det dukkar opp interessante muligheiter til å gjere stunt på andre arenaer.
 
Utdannelse: Master i Industriell Økonomi og teknologiledelse (indøk) ved NTNU i Trondheim.

Hospiterte i: Norske Shell, Neas og Vestbase.