Madeleine hos Skretting på Averøya

Madeleine er no godt i gong med sin modul hos fiskefôrprodusenten Skretting på Averøya. Hennar traineeløp varer i et år, og ho skal vere heile året hos Skretting. Den første tida har vore spennande og lærerik.

Foto av fabrikken: Skretting/Helene Schjølberg

Skretting er verdsleiande produsent av ernæring til havbruksnæringa. Fabrikken på Averøya er ein topp moderne og heilautomatisk fiskefôrfabrikk.

Madeleine på kontoret. Foto: Marit Folland

Eg er plassert i salsavdelinga til Skretting, og eg jobbar mykje med prognosearbeid og statistikk i forhold til fôrvolum. Eg hadde litt kunnskap om havbruksnæringa før eg starta hos Skretting, og eg har fått eit breitt spekter av innsikt i praksis i bransjen og viktigheita av havbruksnæringa i Noreg. Eg lærte kva som skal til for å dekkje ernæringsbehovet hos fisk, og korleis Skretting jobbar med ulike kundar. Dei første to vekene var eg plassert i fabrikken for å få verdiful kunnskap om dei faktiske prosessane som skal til for å produsere fiskefôr. Eg har også besøkt hovudkontoret til Skretting Noreg i Stavanger for opplæring i prognosearbeid. 

På salsavdelinga har det gått slag i slag med mykje læring og ulike arbeidsoppgåver knytt til prognoser og kommunikasjon. I forbindelse med prognosearbeid jobbar eg med prognoseprogrammet til Skretting som heiter Aquasim. Dette arbeidet er interessant og omfattande med mange komponentar. Dette er spennande arbeid som eg er godt i gong med. Prognosane bidreg til avgjersler rundt for eksempel råvareinnkjøp, og planlegging av sal. Eg gleder meg til å halde fram med dette arbeidet, og er klar for nye spennande oppgåver i tida framover.

Skretting prioriterer berekraftig utvikling sterkt. Det å nytte ressursane i havet på ein berekraftig måte ein av føresetnadene for at havbruksnæringa kan halde fram med å vere viktig for Noreg. Eg har stor interesse for berekraftig utvikling, og vi har i det siste jobba med å finne ut om det er noko eg kan bidra med på den fronten i Skretting. Her har eg opplevd svært god dialog og ein vilje frå mine kollegaer til å prøve å nytte mi kompetanse og interesse fult ut.

Eg har også blitt tatt veldig godt imot av mine kollegaer i Skretting. Det er eit godt og nært arbeidsmiljø som er prega av kompetente fagfolk. Eg har fått mogelegheita til å gå rett til ekspertane på fiskefôr dersom eg lurer på noko, og det er veldig verdifult. Eg har lært mykje av mine kollegaer allereie, og eg gleder meg til å framleis lære meir.

Avdeling salg. Foto: Roar Hellem

I KomTrainee lærer vi å ta vare på mogelegheitene vi får, vi lærer oss å takle utfordringar i lag med kvalifiserte mentorer som gir gode råd. Lista over fordelar med å vere trainee er med andre ord lang. KomTrainee og mogelegheitene vi får er både riktig og viktig for mi framtidige karriere.

Elles har det vore ei glede å bli kjend med dei andre som er trainee i KomTrainee. Vi er ein god og samansveisa gjeng. Det å ha eit rikt sosialt liv samtidig som at eg får ha kjekke, utfordrande og spennande arbeidsoppgåver er for meg viktig for å trivast. Kombinasjonen av dei to tinga er det som gjer meg glad for å ha søkt meg til Kristiansund, KomTrainee og Skretting.

- Madeleine Hauge Hide